02.jan.2011

   RIKTIG GODT NYTTÅR! :D

Eg vonar at alle hadde ei kjekk nyttårsfeiring. Eg hadde i alle fall det. Vi hadde "ope hus" heime på Longva, der den som vil av slekt og vennar får komme. Null alkohol, og veldig kjekt! :-)

Om eg har nyttårsforsett? Tsja... Natascha sitt var å ikkje vere dårleg tapar lenger, så då må eg og komme på med noko lurt...(Sidan eg alltid vinn, slepp eg å bli ein betre tapar)... Eg lurte på om eg skulle ta den derre standard "starte eit nytt og betre liv, mindre sukker, meir trening blablabla..." Dei som kjenner meg godt veit at det aldri går bra. MEN.. No kom eg på noko bra! I år kan eg verte meir POSITIV! :D Det er eg jo aldri elles. Det var flott det! Heretter er det positive-Randi som skriv... :-) Signe dagen, hallo! :-)

Om fem timar set eg på båten på veg til Ålesund. I kveld skal eg tilbake til Bergen. Eg og mi kjære May-Britt skal ta hurtigruta nedatt. Det blir forhåpentlegvis ein svært behagleg tur, med lugar og FRUKOST (Det siste er veldig viktig for oss. Vi brukar alltid å ta førsteflya når vi reiser, sidan dei serverar frukost der.. Hihi).  

Og så var det all den pakkinga da.... Eg er snaaart ferdig, men driv jo med kasseryddinga endå. Eg fann att ei gamal brevkasse. LOL, der var mange gøye brev! Brev som eg har fått i posten, og brev som vi har veksla på skulen. Flotte saker, mykje interne ting, og mange fine ord. Eg fann eit kort som Veronica skreiv til meg ein gong, Der stod mange fine sjølvskrivne ord, samt eit fint dikt. Så då vel eg å avslutte dagens innlegg med dette diktet. Måtte alle ha ein flott dag!

 

 

I THINK OF YOU

As I watch the snow

Gently falling down,

I think of how much

I wish you were around.

 

But since for now

That is not ment to be,

I'll be content

With your memory.

 

I watch each day

For your e-mail,

And it brings a smile

To my day without fail.

 

I can't wait for the day

When we speak face to face,

No one in this world

Could take your place!

 

Thinking of you, my friend!

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits