Oppdatering!

 

Åh, no er det lenge sidan eg har blogga! Ikkje bra. Det som er godt å høyre er at det er fleire som har lagt merke til det, altså er det ikkje berre eg som les bloggen min:-) Herleg!
Det har skjedd så mykje sidan sist blogginnlegg at eg ikkje heilt veit kvar eg skal starte.
 
Vel, sidan eg er så glad i å få brev:

Ein dag i førre veke låg det eit brev til Rumpelstiltskin i postkassa! :D Tusen takk til sendaren, det var veldig kjekt! :D PS: eg fekk ordna det, lett som ein plett ;)
 
 
 
I forrige innlegg skreiv eg om bananmuffinsane som eg laga. Etter det ordna eg også glasur på dei, så slik vart dei sjåandes ut til slutt:

 

Namnam! :-)
 
 
Her er oppskrifta på Rumpelstiltskin sine fantastiske(!) bananmuffins:
 
Antall: 6 stk store muffins (Søstrene Grene sine store silikonformer)
 
150 g margarin
2 dl sukker
2 egg
4 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1 ts kanel (ver litt varsam med denne, kanel gir så mykje smak, eg brukar maksimalt 1/2 ts)
2 godt modne bananar
100 g hakka kokesjokolade
(evt. 50 g grovhakka valnøtter)
 
-Varm opp omnen til 175 gr.
-Rør smør og sukker kvitt.
-Ha i egg, mjøl, bakepulver, vaniljesukker og kanel.
-Mos bananane med gaffal og sleng dei ned i røyra.
-Ha i hakka sjokolade.
-Fordel røyra likt ut i formene. Hjå meg vart det ca 6 muffinsar.
-Steik i ca 20 min? Til dei er glylne.
 
Til glasur smelta eg smør og sjokolade, hadde i melis og vaniljesukker og pittelitt ferdigkaffi. Der berre gjorde eg noko, så eg veit ikkje heilt måla på ingrediensane der. I allefall, eit lite tips: for å få til å lage slike fine snurrar, vent litt til glasuren er avkjølt. Likevel, ikkje vent for lenge, for denne stivnar fort! Det kan bli litt vanskeleg å trykke den ut av sprøyteposen. Om du tar den for tidleg, smeltar den berre saman til ei gøpple. Det må vere ein mellomting! :-)
Lukke åt!
 
 
 
 




Elles:
Eg har vore på Halloweenfest. Eg har så dårleg fantasi når det gjeld utkledning. Fredagskvelden sat eg frå klokka var åtte om kvelden til eitt på natta og sydde kostyme for hand. (Symaskin til jul? Jatakk!) Det starta med eit laken, og enda opp med eitkvart.... Nokon som ser kva/kven eg er??
 

Hatten kjøpte eg Kina-Japanhuset, Tårnplass 3 i Bergen sentrum.
 
 

Eg kjøpte fjør på Panduro og laga ei lita sløyfe som matcha bandet på kappa, og limte desse på hatten.
Ein kan så vidt skimte kragen min også. Eg kjøpte eit band på Panduro og sydde det om til ein krage:-)


Lakenet kjøpte eg på Spar kjøp. Skjorta er frå New Look, London.
 




Krossen på drakta er laga av sølvmåling for tøy, kjøpt på Panduro, medan sverdet er kjøpt på Rubens skattekammer. :-)
 
 
 
Kven/kva er eg?
 
 
 
-Ein sopp?
 
 
 

 
 
-Supermario?
 
 
 
 
 
 
-Ein pirat?
 
 
 

 
- Ein musketer?

 
 
-Batman?



ELLER....
 
-Ei kråke?



 
Kom igjen og tipp! :D
 
 
Her er bilete frå resten av festen:
 



Den crazye dama vann for beste kostyme, vel fortjent!




Niiiiice!




Legg merke til den sexye dama med svart hår nederst i biletet ;)






Raudhette!







 
 
Eg droppa kostymet og gjekk etterkvart ut på byen for å møte Ane og Kjersti: gøøøøy! :-)



Fiiiine Ane!


Parteeeey!


Her er vi på Piren vettu, eg og Kjersti. Kjersti: "Randi, me kom ikkje hit for å nippe i ølen, DRIKK!"
 
 
 
Takk til Natascha som ordna meg på håret denne kvelden og stadig sa at kostymet mitt var så flott......:P Haha.
 

DU er i allefall flott! :D


Ny shorts.


Nice!


Bloggpose!
 
 
 
 
 
Forrige helg fekk eg besøk av Ane, Bjarne og Aase. Vi hadde eit lite vors, før vi gjekk ut på byen. Koseleg! :-)
 

May-Britt kastar lunsjen min på Bjarne. Skuldig. (Det var forresten ein pose med heimelaga bollar med gräddost på!)


Barskingen!


Sjekk ut desse to flotte jentene da, Aase og May-Britt!


Ane <3 Bjarne


Litt meir tulling med lunsjen min.


Fiiine gjengen!


Takk for ein kjekk kveld!


Busstur- må alltid ha bilete! ;)
 
 
Dagen derpå: CUPFINALE!
Vi fekk besøk av Elisabeth, Jorunn, Torbjørn, Anna og Anders.

Klare for finale, heia AaFK!


Oransj støff på bordet, oransje og blåe klede, HEIAHEIA!


Mmmmm...


Kven er best??


Som ei vis kvinne sa, ganske kort og sakleg: "Raudt og kvitt er dritt, oransjt og blått er flott!"

 

Takk til Jorunn for feiringsmåltid etter kampen. Det var meget godt! :-)

 

 


Eg kjøpte meg nytt pålegg til lunsjen: sjokade. Sjå kva som møtte meg når eg opna boksa: ein smiley! :)


 


På veg heim i frå praksis- fin gravplass med dogg i graset.





Slik såg tysdagen ut




Ut på kvelden dukka månen opp.





May-

 



I går hadde eg siste dag i praksis. Då laga eg kake og kort. Eg har hatt det veldig fint, både på Unilabs og på Haukeland. Likevel kjenner eg at eg er litt sliten no, så det blir greitt med ei lita pause. Skule på måndag! :-)



Uglekort



Med 3D-auge. Åh, eg er så dyktig...





Sjokoladekake med MJUKE sølvkuler. Eg visste ikkje at det fantest før eg fann dei på Kiwi-butikken. Flott, eg har alltid synest at dei sølvkulene er så harde og ekle. Hurra for mjuke!







M!



I dag har eg studiedag. Frukost: Eplepære! :O


 

 

 

Heilt til slutt i dette innlegget vil eg vise litt interiør frå skogveien:


Lys frå Europris (20 kr/stk) er kjekt å ha no på hausten.



Det same med denne godtekrukka! :-))) 25kr på Søstrene Grene (utan godteri, såklart)



Dei fiiiiiiinaste skoa mine! Dei er så fine at eg ikkje kan bruke dei :-) Kjøpt på Dorothy Perkins, Oxford Street, London.


Eg kjøpte meg nonstop vettu, sånn julepose. Det stod ikkje pris på den, men eg fekk kvitteringa. 500 g- 74kr!!!!!!!!!! Wow, det var dyrt. Eg brukte litt på kaka, resten putta eg i ei krukke frå Søstrene Grene og foreviga dei.. Neida, eg driv og et av den heile tida :-D

 

 

Ha ein nydeleg fredag, hugs idol! ;-)

 

Rumpelstiltskin

:R



 

 


 

 

 

9 kommentarer

Heidi Mork

11.11.2011 kl.16:23

Med mindre nåkken andre også he sagt det flotte slagordet, so takka og bukka ej over å ha blitt omtalt som ei vis kvinne ;) Hihi :)
Forresten da, ej såg LETT på første bilde at du va musketer!! Ej e berre nysgjerrig, va du Athos, Porthos, Aramis eller d'Artagnan? No fekk ej fole løst å sjå serien frå 70-talet :) Bra kostyme i alle fall! :)

Heidi Mork

11.11.2011 kl.16:25

Og endå en forresten: tusen takk for at du fekk ordna det ;) Hurra :D

Rumpelstiltskin

11.11.2011 kl.16:43

Værsjego og værsjego! :-)

Gjor du?? Så bra! :D Eg skulle eigentleg vere D'Artagnan, for han er så kjekk. Men det blonde håret gjer vel at eg heller er han derre...eg trur det er Porthos? Det var i allefall ein med blondt, krølla hår i den boka heime vettu :-)

AneBananE

11.11.2011 kl.19:33

Haha... her va d mange "FIIINE" bilde.. hmm :P (tenke altså på de av mg...) hoho.. Mye kjekt å se og lesa :D Kostymen blei jo kjempe bra ;) Dn sjokoladekagå sidde eg ennå å sikle itte... nammm.... :D Klem, kleeeeem

Rumpelstiltskin

11.11.2011 kl.21:38

Ja, du er alltid så FIN! :D Håper du har det bra heime :-)

No et eg sjokoladekakerestar, litt synd at du ikkje er her=) Hehe..

Jeanette :)

11.11.2011 kl.21:39

Sååå gøy blogg! Mange fine bilder! Satser på mye blogging når vi skal til Førde! Hehe ;)

Natascha

12.11.2011 kl.18:16

nice :D du e nice! og drakta e nice :D

fine krøller ;)

Veronica

13.11.2011 kl.12:15

Litt av ei oppdatering! :)

Rumpelstiltskin

13.11.2011 kl.16:30

Jepp, i Førde blir det blogging, Jeanette! Det er vel ikkje stort anna enn det og trene vi kan gjere der? ;) Neida, Førde blir kanon det! :-))

Veronica, eg haldt på i fleire timar til saman trur eg! Om ikkje dette var kvalitet, så anar ikkje eg...:-) Eg vonar at det fall i smak.

Skriv en ny kommentar

hits