Farsdag:-)

Sidan eg ikkje er hjå Pappa på Longva i dag, og sidan eg ikkje har sendt kort til han i posten... Ja, då skriv eg her:

Kjære Pappa-Geir,

gratulerer så mykje med farsdagen!

 

Wikipedia skriv:

"Far eller fader, blant mennesker også kalt pappa, er et hannkjønn (forelder) som har fått avkom".

(Kjelde: Wikipedia, http://no.wikipedia.org/wiki/Far)

 

Faderen min, Geir, har fått sju fantastiske avkom saman med den flotte Moder-Marita! :-) Vidare skriv den kritikerrosa internettsida Wikipedia at statusen som far varer livet ut, men at farsrolla stoppar gjerne når avkommet blir kjønnsmodent. Godt over halve syskenflokken har bikka sine tjue år og er flytta heimafrå, og framleis spelar Pappa farsrolla særdeles godt. Han er alltid til stades om vi treng det.  Har vi høgdeskrekk og blir redde så kjem han og trøystar oss. Er vi svoltne får vi mat. Er vi tørste får vi brus (eller vatn da, men han veit kor mykje og høgt vi elskar brus!). Mistar vi flyet, stiller han opp og ordnar det så vi kjem oss heim. Han tar oss med på fotballkampar (heia AaFK!), på bilturar (gjerne med "snarvegar") og shopping på regnfulle dagar.

I tillegg til dette har Pappa mange flotte kvalitetar, deriblant:

-Han er sterk (som i å-bere-ein-tung-sofa-opp-fem-etasjer-sterk!)

-Han er sporty, halvmaraton spring han lett! 

-Pappa er meget smart, eit matematikkunikum. Han er også veldig kunnskapsrik (ikkje alltid like gøy, sidan han heile tida vinn kunnskapsspela. Tips: spel på lag med Pappa!)

-Pappa er sosial, han snakkar både med born, ungdom, vaksne, norske, tyske, engelske.... You name it. 

-Pappa-Geir har eit stort hjarte, og det visast godt. Han vil alle det beste.   

Her er Pappa-Geir og Mamma-Marita saman med dei sju avkomma sine. <3

 

 

 

Litt bilete av Pappa:


Mamma, Silje, Gunnar og Pappa i den trygge og gode heimen vår=)



Tur rundt Lia, Haramsøya. Sporty!



Sterk!



Blid :-)



Aktiv



Gøy

Mamma og Pappa ordnar alltid kjekke familieturar, her i Mo i Rana, sumaren 2010.



Pappa er ein trygg bilist.



Pappa er teknisk.

 

 


Pappa er kanskje sunnmøring, men IKKJE gjerrig. Her er bilete av gjengen i London i haust, ein tur som pappa spanderte.



PAPPA ER BEST!



Glad i deg<3

Eg vonar at du har hatt ein fin dag, det fortjenar du :-)

 

:R

 

cutrinsample
Stikkord:

Én kommentar

Heidi Mork

14.11.2011 kl.13:25

Det va et fint innlegg!
Eg <3 pappa!

Skriv en ny kommentar

hits