Snopeskuff i Spania

Heia!:)

I dag starta vi dagen på altanen med sol, ein kopp kaffi og nyrista brød med ost, skinke, agurk og tomat. Nydeleg!

Vi var litt treige, men til slutt kom vi oss fram til stranda i Albir, der vi fekk litt sol på kroppen. Det varte i vel ein time, så vart det litt overskya. Då gjekk vi for å finne oss litt lunsj- sandwich med ost og skinke + ein kald øl. Etter det kom sola attende, og vi gjekk tilbake til stranda og bada litt.

Til middag fekk vi spagetti og kjøttdeig med tomatsaus. Det var meget godt! Og til kvelds vart det nysteikt brød med kald iste. Eg må innrømme at eg lev altfor godt her :-) Vi blir tatt så godt vare på. No på kvelden gjekk eg og Øyvind tur med Mocca, for å handle litt på supermarkedet også. Hihi, der var så mykje spanande snop! :D Eg berre plukka og plukka. Ikkje er det så gale dyrt heller.

Her er snopeskuffa mi:


Noko av potetgullet tar vi med oss i morgon- for då skal vi på stranda og sole oss igjen. Det er visst meldt fint vêr, gitt! :D

Snakkes!

8-)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits