Julebrus og juleverkstad

Jaja, eg tippar at alle skriv om snø på bloggen sin no... Eg får vel gjere det eg også da:D

I går låg eg i senga og var så trøytt så trøytt, heilt til Øyvind ropte frå stova: "Det snør!". Då fauk eg ut av senga. Eg vart litt glad på ein måte. =) Og så var eg så heldig at eg hadde hugsa å ta med fotokameraet mitt! Når eg kom heim til leiligheita var eg heime heilt åleine. Det var litt deilig i grunn. Det enda såklart opp med at eg hadde hobbykveld åleine..eller JULEVERKSTAD. Ojoj, no er eg i julestemning. Eg trur at  det hjelp lite på at eg har "synda" opp til fleire gongar og drukke mange julebrus. Det er så gooooodt! Eg trur at favoritten min er Oskar Sylte si julebrus, men den er så vanskeleg å få tak i her i Bergen. På andreplass kjem Ringnes sin, og på ein god tredjeplass- Lerum! Fjerdeplass kjem såklart Lillehammer/Hamar si brune julebrus, den er faktisk ganske god, med ei blanding av champagne- og julebrus! Sikkert meget god til julemiddag.

Kva er di favorittjulebrus?

Øyvind si favorittjulebrus er Lerum si julebrus sa han. Då måtte eg berre ta julebrussmakstesten på han. Eg tok to glas med to isbitar i kvar. I det eine glaset tømte eg fersk Lerum si julebrus, og i den andre tømte eg fersk Ringnes si. Han fekk ikkje sjå på fargen sidan der var ein tydeleg skilnad mellom dei to brusene. Etter å ha smakt på begge, skulle han tippe kva som var kva brus, og seie kven han likte best av dei. Hihi, det vart Ringnes si. Men han sa at det var meir kullsyre i Lerum si, og det må eg seie meg einig i. Ooooh, nok fekk eg lyst på julebrus att!

 

Forresten. Hansa si kjem på aller siste nederste plass! Den smakar jo berre bringebærbrus... Ikkje julebrus! Den er god, men berre som bringebærbrus.

 

 

 

No ventar eg på at Øyvind skal ringe meg og seie at han er på veg frå Sotra. Eg gløymde nemleg att lommeboka hjå han i går. Eg trur eg vil ta meg ein tur til sentrum og kanskje kike på litt julegåver, og litt hobbyting:) Berre for å kome i meir julestemning! Og eg har så lyst til å bake julekjeks, men eg får vente ein månad til før det skjer. Eg og Natascha har avtalt at vi skal bake i lag. Kanskje kan vi ha på litt julemusikk då også... ÅÅÅåååå, dette blir så bra det! :D

 

 

 

Ringnes si julebrus, den beste :-)

 

 

 



Hamar bryggeri, eit meget godt alternativ, og mykje heller enn Hansa si.

 

 

 





Lerum si julebrus, namnam.

 

 

 

 


Slik såg det ut i gårmorgon. I dag er det endå kvitare ute!



Snøsnøsnø



Ulriken er kvit, og sjå på månen.



Eg gjekk meg ein kveldstur i går, det var så kaldt, friskt og koseleg. Til og med på gravplassen.



Litt av det eg laga i går på juleverkstaden min. Resten kan eg ikkje vise, sidan eg skal gi det i julegåve:D



Dette stempelet fekk eg i julegåve for eit par år sidan. Det er så søtt! No treng er berre å kjøpe meg nokre tusjar for å fargelegge. Eg fekk fire stk med Heidi og Per Magne, dei er heilt geniale! Så eg ynskjer meg fleire fargar av den typen. Dei heiter Promarker og kan bli kjøpt på Pandurobutikkar og binders- (staples?)butikkar trur eg. Det kule med dei tusjane er at ein kan blende ut fargane for å lage skuggeeffektar osv.

 



Til-frå-lappar



Eit lite skrin. Den skrifta er faktisk frå ein taperull som ein kan bruke for å dekorere stearinlys. Kjøpt på Kremmerhuset.













Eg og samlinga mi.



Klar for shopping. Eg har på meg den nye genseren som eg kjøpte i Spania. Den er så deilig. Kosta berre 12?.

 

Riktig god (.....jul?) fredag vidare!

 

 

:-)

 

eller...

 

o<|8-)>

 

Det er ein julenissesmiley, hihi...

 

 

5 kommentarer

Heidi Mork

29.10.2012 kl.20:55

Mmm, julebrus! Gleda mej til å drikke det! :D

Fint stempel, tippa du laga mange fine gåve :) Oss må ha et juleverkstad i jula..viss oss rekk det :P Katid kjøm dåkke oppover?

Rumpelstiltskin

30.10.2012 kl.20:30

Heidi Mork: Ja, eg seier ikkje nei til juleverkstad! Vi kjem oppover den 8.november og blir til måndagen. Og så blir neste tur til jul ein gong, kanskje rundt den 20. desember..?

Natascha

30.10.2012 kl.22:58

eg trur kanskje vi må ha ein ny julebrus test... eg har lyst på;)

Rumpelstiltskin

03.11.2012 kl.14:46

Natascha: Og eg har lyst på meir, så JA! :D

Rita

23.11.2012 kl.18:44

Jeg har tatt testen også, og det ble KIWI sin julebrus som vant, Per er helt enig

Skriv en ny kommentar

hits