Minne frå farne tider.... ca 2010 og 2011

Heeeeeiiiiia! :)

Kva har eg gjort i dag?

Off, eg veit det nesten ikkje eg altså. Først laga eg ein god frukost til meg og Øyvind. Den bestod av hardkokte egg, brunost, taffelost, eplejuice, nytrakta kaffi og SKIVER! Etter at mannen reiste heim, hekla eg litt. Deretter vaska eg opp litt, og rydda. Natascha hjalp meg med å bere solstolane ned i boda vår. Adjø til dei, vi sjåast om eit halvt år.....

Og så har eg lakka neglane mine :) Lakken er relativt ny. Fargen heiter Aubergine (102) og er kjøpt på Yves Rocher. Ganske fin farge no på seinhausten.


Ikkje så verst lakkert, for å vere venstrehandsgjort!


 

 

 

 

Eg såg gjennom nokre bilete frå i fjor sumar, då eg og Tove skulle lure småbrødrene våra ved at Tove skada seg. Eg sminka ho med teatersminka mi, deretter gjekk eg ned til gutane og lata som ingenting. Plutseleg høyrde vi eit "BANG" i frå stova oppe. Vi sprang opp og då såg Tove slik ut:

 








Ekkelt?

Helge sa: Eg trur du må sy.

Ståle sa: Auch.... Og så spelte han vidare på PC-en sin....

 

Haha...






Flaks det ikkje var ekte!

 

Eg brukte same sminka då eg skulle på Halloween-fest. Eg kledde meg ut som ho i Exorcisten. Då eg kom fram på festen var alle jentene kledd slik fin og sexy... Medan eg såg slik ut:

Jaja...

Beauty and the beast...?

 


Bitten var heller ikkje så fin kanskje... Men sexy pose har ho inne!

Berre som avsluttande bilde. Eg ler meg i hjel... Liknar det?

 

Det var i allefall sjuuukt behagleg å gå på fest med nattkjole. Det burde alle prøve :)

 

God natt frå meg.

4 kommentarer

Natascha

30.10.2012 kl.22:55

hehe, dette var artigt! det såg veldig ekte ut! ;)

Rumpelstiltskin

03.11.2012 kl.14:46

Natascha: TAKK!

Heidi Mork

04.11.2012 kl.10:01

Ej sønst du va fole fin :) En ska no ver litt skummel på Halloween :) Det e no ikkje sexydag, men skumledag :)

Rumpelstiltskin

04.11.2012 kl.17:08

Haha, takk! :D Det er heilt sant, ein skal jo vere litt skummel ;)

Skriv en ny kommentar

hits