Lav fodmap brødvaflar

For å prøve å få eit betre mageliv har eg byrja på lav fodmap-diett. Det er ikkje alltid like enkelt å takke nei til matvarer som inneheld gluten (t.d. kaker) og diverse. Eg har i allefall blitt litt flinkare med frukost, lunsj og middag. Mykje takka vere boka Godt for magen av Julianne Lyngstad.

Denne oppskrifta er henta frå den boka og er heilt fantastisk god og veldig enkel:

Brødvaflar, 5 porsjonar
3 egg
4 dl laktosefri mjølk
1 ss rapsolje
1 dl bokhvetemjøl
1 dl rismjøl
1 dl havregryn
2 ss chiafrø (el linfrø)
1 ts bakepulver
1/2 ts salt

Bland saman egg, mjølk og olje. Tilsett dei tørre ingrediensane og visp godt saman. La røra svelle i minst 10 minutt før du steiker vaflane i vaffeljarn. Du må smørje jarnet før du set i gong med steikinga. Avkjøl på rist og deretter kan ein nyte vaflane med det ein ville ha på av pålegg. Eg brukte eggerøre eine dagen og ost, skinke og salat på dag nr to. Mmmm..

2 kommentarer

Oda

03.03.2016 kl.09:39

Det så godt ut!

Mayway sei heyhey

06.03.2016 kl.10:10

Naam! Ditta MÅ ej prøve:D

Skriv en ny kommentar

hits