Lav fodmap pannekaker

Aua på magen etter mat? Prøv lav fodmap-dietten. Her er ei god oppskrift på pannekaker. Eg har alltid fått vondt i magen etter pannekaker, det som er så godt. Vel her er løysinga på eit betre pannekakeliv. Oppskrifta er henta frå Lyngstad si bok Godt for magen. Ein kan fylle det ein vil i pannekakene. Eg har prøvd med salat, ost og skinke. Veldig godt, men det beste var med det som eg er vand med heimanfrå: smør og sukker. Øyvind likar dei med blåbærsylte.


Bokhvetepannekaker
4-6 stk

2 egg
3 dl laktosefri mjølk
2 dl bokhvetemjøl
1 ss olje
1/2 ts salt

Ha egg, mjøl og litt av mjølka i ein bolle. Spe med resten av mjølka til konsistensen på røra er passe tjukk. Tilset olje og salt og la røra svelle i 10 minutt før du set i gong med steikinga.

Én kommentar

lisarorvik

04.03.2016 kl.18:55

Dette aå kjempe godt ut :)

Skriv en ny kommentar

hits