Påskekos på sunnmøre

På onsdagskveld kom Tove og henta meg på Vigra. Eg overnatta med ho i Ålesund. Der fekk eg taco og raudvin, det var kjekt!:)
Skjærtorsdag gjekk vi to på Sukkertoppen (eg for første gong)! Det var ein fin og kjølig fornøyelse, med vind og snøfnugg i lufta på toppen.


Vi køyrde innom Heidi med familien på veg til Longva. Då fekk eg helse på det nyaste tantebarnet, Maria Elise, for første gong. Snakk om å vere søt!:)


Fleire bilete frå påska kjem etterkvart!:) No skal vi i dåp til Maria Elise:)

Ha ein fin dag!:)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits