hits

Heimelaga julegenser til Natascha

Tradisjon tru så brukar eg og Natascha å lage heimelaga julegåve til kvarandre. Sidan vi begge har hatt store hobbyprosjekt denne hausten så vart vi einige om når vi var i Finland at vi skulle vente med gåvene til vi har bursdag. Likevel så fekk eg litt dårleg samvit når alle i familien fekk gåver, og alle dei andre venninnene mine fekk gåver med meg. Alle forutan Natascha. Så eg bestemte meg for å lage ei gåve til ho likevel, når eg kom til Longva. Men kva skulle eg finne på? Heimelaga eggetoddy? Eg pakka med meg spriten frå Bergen, sånn i tilfelle. Så kom eg på tipset frå Pinterest, som også Ingvild hadde laga seg hin dagen: Julestrømpegenser! 22. desember reiste eg til byen for å handle inn genser, julestrømpe og noko godt å ha i. Slik vart resultatet:

Genser frå New Yorker, strømpe frå Europris og noko godt i frå Vinmonopolet!

Og Natascha vart forresten superduperglad!!!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar