hits

Fantastisk skitur på Mjølfjell

For ein dag! Eg, Berit, Ingvild og Freia er på ein liten påsketur til Mjølfjell, Kårdal. Den starta litt dårleg med superglatte ski, men det ordna seg etter litt klister på. Vêret er heilt nydeleg! Vi har nettopp vore ute og tatt bilete av månen. Noreg er så vakker!
Elles i dag har det vore vaffelsteiking på tur, kaker, shots, øl i sola, skihopping. Vi har til og med hatt tippekonkurranse: "kor mange gongar kjem Randi til å gå på trynet med skia på veg nedatt frå fjellet?"
Randi: 7
Berit: 2
Ingvild: 3
Vinnaren vart spandert på ei øl i baren. Ingen vann. Eg tryna berre ÉIN gong!!!

Vi har også spelt yatzy og kort. Eg har til og med fått strikka litt.

Nokre bilete frå dagen i dag:

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar