hits

Slondalsvatnet

Gårsdagen starta med eit brak, bokstaveleg talt! Eg deisa hovudet opp i etasjesenga når eg skulle stå opp. På tide å reise heim, men først litt frukost og deretter ein tur opp til Slondalsvatnet! Vi køyrde opp til Mjølfjell ungdomsherberge og parkerte der (75kr/døgn, gitt vekk!). Først smørja vi skia, og så traska vi oppover langs elva. Det tok ikkje lange stunda før det flata ut og terrenget opna seg. Sola skein, fjellrypa flaksa mot den blåe himmelen og snøen glitra så vakkert. Dette var ein veldig fin slutt på turen vår til Mjølfjell. Hit kunne eg godt tatt turen fleire gongar. Eg har fole lyst å reise inn hit om sumaren også. Eg kan tenke meg at naturen her er knallfin, året rundt! Takk til Kårdal Fjellstove for fantastisk god service, meget god mat og koselege lokaler. Tipp-topp, tommel trippel opp!

Berit og meg klar for siste skitur! PS: sjekk ut pannebanda våre da. Eg har strikka dei! Klompelompe-oppskrift.

SÅ misunneleg på dei nye skia til Berit!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar