hits

Spasertur i sola

Siste fridag i dag. Det må nytast. Snop til frukost. To koppar kaffi. Potetgull til middag. Strikking. Påskekrim. Netflix (eg er heilt hekta på When Calls the Heart!). Og spasertur. Med musikk på øyra var det like før eg måtte hoppe over lillepuddisen. Klokka var på slaget seks. Det blinka raudt og eg kunne så vidt høyre alarmen for bruopninga. To seglbåtar skulle gjennom. Jaja. Så måtte eg rygge litt og nyte utsikta. Flaks det var sol :-)

Kjole: HM
Jakke: Kari Traa
Tights: Under Armour
Strømper: Moods of Norway
Sko: Adidas
Trådlause høyreklokker: Voxmio

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar