hits

Kveldsmat med eit hint av kanel

Likar du kanelbolle? Eller kanskje eplekake? Vil du vere litt sunn til kvelds? Då er denne kveldsmaten perfekt for deg.

No har eg fulgt fitfocuse i ei veke og gått ned nesten 3kg allereie. Maten er god og denne kveldsmaten var snadder. Du må rekne med litt førebuingstid, det er litt pøtearbeid.

FRUKTSALAT MED PROTEINKNAS

Du treng:
1 eple
2 ss naturellyoghurt

250 g kikerter på boks
1 ss rapsolje
1 ss honning
1 ss kanel
1 klype salt

Set omnen på 200 grader varmluft.

Skyll kikertene godt. Legg dei på eit kjøkkenhandkle og tørk dei. No kjem skala til å dette av og det ser litt ekkelt ut. Eg kan ikkje skrive kva det ser ut som, då mistar eg matlysta. Vel, det er no pøtearbeidet byrjar. All skalet skal vekk. Eg tok éin og éin om gongen. Flaks det var berre éin pakke med kikerter og ikkje ti.
Legg dei så på ei steikjebrett med bakepapir. Fjern skala frå kjøkkenbenken fortare enn svint, berre for å få dei vekk frå syn og tankar.

Honning frå ei venninne. Denne har ho og mannen hennar laga sjølv. Det er så kult!

Fordel ertene utover steikjebrettet og tørk dei i omnen i 10 minutt.

Ha olje, honning, kanel og salt i ei kjele. Varm opp på svak varme.

Hell kikertene i kjela og rør om til alle er godt dekka.

Ha ertene attende på steikjebrettet og steik dei i nye 20 minutt. Vend litt på dei etter halve steikjetida så dei ikkje blir brent.


La proteinkulene kolne og bli crispi.

Skjer opp eplet i bitar og ha i ei lita skål med yoghurt og proteinkuler over.

Omnomnom. God kvelds!

2 kommentarer

frkfrontend

15.04.2018 kl.22:48

Dette så veldig godt ut! Tusen takk for oppskrift! :D

Tove

15.04.2018 kl.22:59

Mmm.. gleda mej til å prøve dinna ;)

Skriv en ny kommentar