hits

Ansiktsmaske frå Lush

I dag har eg på meg den fantastiske Mask of Magnaminty frå Lush. Den fekk eg i bursdagsgåve med søtaste Eva! For ei jente! Eg mimrar attende til den 21. mars 2018, dagen då eg vart 29 år. Den fekk eg feira saman med desse finingane:

Maska kan brukast både på ansikt og rygg/nakke "during times of trouble". Er ikkje det fint vel? Den er så forfriskande og fin. OG når du leverer attende fem reine bokser til Lush, så får du ei ansiktsmaske GRATIS! Det likar sunnmøringen.

Her fann eg eit fint bilete av meg og Eva:

God helg frå meg:-)

Én kommentar

Berit

05.05.2018 kl.18:22

God helg ønskes deg og, fra meg og Freia. Mange fine bilder👍

Skriv en ny kommentar