hits

Før og etter sminking

I går var ein kjekke dag. Eg møtte Inger Alice på butikken. Begge var sminkefrie og det var jo faktisk heilt greit! Eg fekk ros frå mannen i tippekassa. Eg leverte inn 6 vinnarflaxlodd. Ville eg ha nye flaxlodd eller 250kr? Eg valde sjølvsagt pengane og det var han einig i at var fole lurt!

Vidare gjekk vi med tryna våre heim til Inger Alice. Ho hadde ein heil sekk (!) med klede eg kunne få sjå over og arve. Medan eg scanna kleda, laga Inger Alice kaffibaileys og serverte wienerbrød. Digg!

Så gjekk vi (framleis utan sminke) opp til meg, der ho fekk gå gjennom dei tre ikeaposane mine med klede. Eg serverte ho grandis, sjølvsagt.

Og no byrjar det kjekke: whiskey, øl, cider, potetgull og sminking. Eg prøvde å lære IA contouring. Hehe.. Sjå resultatet nedom her:



FØR




ETTER



Og her var vi på veg til byen. Takk for ein fin kveld, IA. Det er få som er kjekkare å ete to ostepølser med på den skumle veg heim frå byen.

2 kommentarer

Iselin Renée

06.05.2018 kl.21:31

Fine både med og uten sminke :)

11.05.2018 kl.12:20

<3

Skriv en ny kommentar