hits

Glutenfrie proteinvaflar

Låg FODMAP
Glutenfritt
Proteinrik
God frukost

Det er SÅ kjekt når favorittmatbutikken min har fått sunt "smågodt" i lausvekt, plukk og mix frukt og grønt. Genialt, Coop Extra Danmarksplass! Det passa perfekt til topping på frukostvaflane mine. Dei er glutenfrie og lågFODMAP. Steik opp mange og frys dei, så har du frukost i lange tider framover!
Her er oppskrifta:

Til ca 7 vaflar

3 egg
4 dl laktosefri mjølk
4 ss cottage cheese
1 ss rapsolje
2 dl TORO glutenfri grov mjølblanding
1 dl glutenfrie havregryn
2 ss chiafrø
1 ts bakepulver
1/2 ts salt

Bland alt saman, bruk gjerne stavmiksar for å gjere røra glatt. La røra svelle i 10-30 minutt. Steik. Et. Nyt.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar