hits

Har du hatt det fint i helga, Randi?

Ja, det har eg!
Og kva har eg gjort på? Ikkje spør meg om fredagen, hukommelsen min er i såpass dårleg stand at det hugsar eg ikkje. Kanskje eg rydda litt?

Laurdagen starta med meg i eit nytt yrke: privatfrisør. Ina skulle i bryllaup. Eg fiksa ho på håret. Ho kødda seg med trippelhake når eg tok bilete. Flaks at eg er god i bileteredigering:

På laurdag var eg og Andrew på kajakktur. Det var kjekt det! (Minus det å komme seg ned, samt oppatt frå kajakken- nervevraket meg). Eg har jo aldri gjort det før, men "instruktøren" var flink å lære vekk, samt fole tolmodig, dessutan lova han å redde meg om eg kølva og sat fast med rova. Eg vil ikkje døy. Vi fekk både regn og knallsol. God niste og snacks hadde vi med og! Flott tur😊🙆🏼‍♀️

På kvelden var det Kygotid! Vi hadde vors hjå Elisabeth. Berit ordna med Hot Shot. Mmm. Antrekk for kvelden:

Genser: Skappelgenser som Natascha har laga til meg😍
Bukse: Freddy WR.UP high waist
Leppestift: Makeup Mekka
Jakke og caps: BikBok

På søndag fekk eg besøk av Elisabeth, Stian og Akira. Eg laga middag til dei: baconsurra kylling med ost i, samt krusedullpoteter, heimelaga fløytesaus OG ris. Jaja.
Deretter vart det duka for stortevling! Gran Turismo 3. Meg vs Stian. Eg tapte, ei øl..... Det vart fole keisamt, så vi gjekk over til Mario Kart. Mykje gøyare synest eg og Elisabeth😁

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar