hits

Dronningstien

Forrige helg gjekk eg på tur med denne fine gjengen frå jobb:

Turen gjekk i frå Kinsarvik og fjellstien over til Lofthus, nærmare sagt Dronningstien. Herlighet for ein fin tur! Naturen var berre heilt skjønn med dei fine innslaga av haustfargar. Vêret var perfekt. Følgjet var herleg.

Fotografen vart inspirert.
Bilete:

Vaktmester Dæhlie


Når vi kom nedatt kjøpte vi oss kald eplemost frå bonden. Deretter reiste vi attende til hytta på Kinsarvik Camping. Den var så flott den! Eg, Elisabeth og Berit tok badstu, medan Linn og Britt varma opp den heimelaga lapskausen som Berit hadde laga. Den var nydeleg god! Ho hadde til og med laga heimelaga flatbrød! Vidare på kvelden drakk vi blant anna vin, åt mykje snacks, spela diverse spel og berre kosa oss. Takk for ein fantastisk tur, jenter!

Én kommentar

Berit

12.09.2018 kl.08:30

Selv takk😊

Skriv en ny kommentar